Far min i Huizingastraat

av Knut Østrem

Gjestetekst skrevet av min far, til “Vi Gjækk”, en slektskrønike som ble utgitt til min farfars 100-årsjubileum i 1987. Farfar er nummer to fra venstre på bildet.

Far min drog til Brettesnes og Syltefjord der fisken var. Lenger ut i verda kunne han ikkje kome. Som vegarbeidar måtte han først byggje vegen vi trengte for å kome oss vidare ut i verda.

Ein dag i Amsterdam kryssa eg ei fæl gate med fare for mitt liv. Den byen har ikkje trafikkultur, ein fotgjengar har låg pris. Når bilane stoggar for raudt lys, vrimlar det av syklistar – i fotgjengarfeltet. Det var eit kav å kome seg over gata, summe seg og finne ut om ein framleis var i live og kor ein i så fall tilbragte dette liv. Blikket opp mot gateskiltet fortalte meg det: JOHAN HUIZINGASTRAAT stod det.

Då tenkte eg på far min. Det var ein typisk assosiasjon, eit tankesamband utan logikk, utan samanheng med situasjonen. Det kom ein tanke seglande med eit namn, annleis var det ikkje.

Samanhengen mellom Huizinga og far min må eg vente med til eg først har fortalt kva for bilete som stod og dirra i medvetet då eg såg dette rare namnet.

Far er eit diffust minne, eg må vri og vrenge på dette minnet for å hente han fram. I dei åtte åra eg fekk til å hente røynsler og danne bilete av han, var han mest bortreist, og minnet avgrensar seg til at han kom og drog att. Små glimt blir likevel ein heilskap. Eg veit at denne heilskapen er feil, glimta blir lappa saman i feil rekkefølgje, hendingar med års mellomrom blir til samanhengande dagshendingar. Difor blir mitt unge minne reinspika løgn. Men for meg blir minnet sant, og dette er mi sanne historie:

Far arbeidde på Senja, på ein stad der dei slit og strevar hardt og stønner under tunge tak, difor kalte dei staden Stønnebotn, Dei store sa: i dag kjem han pappa. Så var det å finne seg ein plass i loftsvindauget eller pirke seg eit hol i den svarte pappen som tyskarane påla oss å spikre over vindauga i stua – og vente. Vente på ein prikk langt ute i fjorden, prikken som blei større og slørre inntil han blei båt, ein mann og så til slutt ein levande pappa som kom opp bakkane.

Inn på kjøkenet, av med grå ryggsekk som aldri inneheldt overraskingar, berre ei spesiell lukt som enno sit i nasen, sur, søt, ram, deilig. Lukt av furukvae, lyng, krutt og sveitt mann. Skikkeleg pappalukt, Mor sa:

– Korsen kom du deg over Senja?

– Eg gjækk.

– Kem sin båt har du?

– Brandvollan sin.

Så åt han. Så gjekk han i åkeren. Han låg på kne, han låg alltid på kne i åkeren. Same kva andre seier: Det er heilt sant at han heile sitt gardbrukarliv låg på kne i åkeren, for det står i mi sanne historie.

Vi blei sendt på loftet. Det var sengetid, det var mørkt. Frå loftsvindauget såg vi han i åkeren, på kne. Før vi somna, pirka vi vekk nokre bord som låg laust over eit hol mellom loft og kjøken og keik ned for å sjå om han var komen inn, men har var der ikkje. Då vi vakna, låg han framleis i åkeren, ein heilt annan stad.

Så kom han inn, fjelga seg, åt og tok på seg ryggsekken. Vi gjekk med han til fjæra, og han rodde. Han blei mindre og mindre, blei prikk. Frå holet mitt i blendingsgardinen studerte eg denne prikken så lenge han var der. Når ein heil båt er så liten som ein muselort, kor liten må ikkje pappa vere då?

Men dette er ikkje heile mi sanne historie, det er berre den ytre ramma. For no kjem vi til underet, det eg måtte heilt til Amsterdam for å forstå. Då vi kravla oss i snørrlivet, ullhosane og genseren neste morgon og kom ned på kjøkenet, hadde mor fått ny grautsleiv. Det var utskjæringar på skaftet, akantusrankar langs heile kanten. Og i lampa – o store vidunder! – hang ein påfugl av spon med struttande vengjer og halefjør!

Det var dette den vaksne i Amsterdam tenkte på. Den vaksne hadde ofte tenkt: Dette må vere eit forvrengt bilete, det må vere mange små glimt som har kokt seg saman for meg. For det kunne ikkje vere mogleg at ein mann kunne gå over Senja, ro Solberg­fjorden, gå i åkeren og setje potet til natta tok han og deretter setje seg til å spikke grautsleiv og lage påfuglar i ein og same vending – og deretter vere i åkeren att med dagslyset?

Difor må eg dikte resten av det som skjedde, det eg ikkje med eigne ører og eige syn hørte og såg gjennom loftsluka, men som er like klinkande sant som resten av historia: Då han kom inn mo og matt frå åkeren og tørka jord av hendene, møtte han ein annan slitar som sa:

– Se på dejnna sleiva, de’kje mykje å hjelpe seg med, de’e bære flisen igjen. Du ha’kkje et æmne så du kunnar skorre ei ny?

Og han hadde emne, og han spikka sleiv, like raskt og skikkeleg som snekkar Andersen i jule-eventyret. Han spikka og skar, først tenkt som ei grovhogd og hurtigarbeidd brukssleiv, men så kom det eit nytt signal fra den andre slitaren:

– Bjøllsauen har nån frøktelige klauva. Han sku’ar vorre skorren før vi sleppe han i marka.

Då ho sa det, passerte han ei grense. Ikkje det i tillegg til det andre! Klauvar får vere klauvar. No er det sleiv. Så gjekk han over grensa til det ulovlege. Han finpussa med kniven, han skar og skar, utskjæringar, akantusrankar slynga seg langs skaftet. I ein pause på grunn av tom vassbøtte, tok han turen til Vassholet og henta samstundes ein olderkvist, tok bark i kjeften og tygde til spyttet rann rødt frå kjevane. Så smurte han barkespytt i akantusranken og pussa med kniven.

Så sopte han saman sponene, gløymde bjøllesauen og laga noko kjekt til ungane, ein påfugl med struttande vengjer og halefjør.

Og slang han seg nedpå for å kvile litt før neste økt i åkeren og roturen tilbake til Senja og veganlegget.

Men eg er attende i Amsterdam, byen som heilt uskuldig er komen inn i historia, bortsett frå at det var dei som ala opp han Huizinga. Det var namnet som laga den lange rekka av assosiasjonar. Eg kjende att karen. Johan Huizinga, filosof kalte han seg fordi han sa og skreiv mykje rart om mennesket og eksistensen. Eg hugsa han fordi han kjempa mot materialismen som livsform, det ville øydeleggje mennesket og kulturen, sa han. Rett nok er mennesket homo sapiens, det tenkande og kloke individ i homo-ætta. Men det er ikkje nok til å kjenneteikne mennesket. Mennesket er noko meir enn berre klokt, det er også homo faber, det skapande individ, meir kreativ enn noko anna individ, til og med betre skapar enn skjura som bygg kunstverk av bjørkekvistar. Men heller ikkje det er den fulle sanninga om mennesket, sa Huizinga. For mennesket er også homo ludens, det leikande individ. Ein kan ikkje vere anten sapiens eller faber eller ludens, ein må vere alt. Utan at desse tre dimensjonane blir sameint i same individ, blir det ikkje eit harmonisk menneske, sa han. Kanskje ikkje det med skjura, men han sa i alle fall at utan homo ludens ville all kulturell utvikling stogge.

Det var det han var, far min, ein utgave av Huizingas harmoniske kulturberar, mannen som ikkje kunne leve med berre stein, jord, fisk, potetåker og ovgrodde saueklauvar. Akantusrankane og påfuglane var ikkje eit vilkårleg påfunn ein sein kveldstime, det var nødvendig. Det var ludens-dimensjonen som nekta å gå til grunne.

Eg stod der i Huizinga Strasse og oppdaga at mi historie kanskje var sann, den var kanskje ikkje kokt saman av barnefantasi og rotete minne. Og sonen til vegarbeidaren og småbrukaren visste der han stod at denne delen av arven er for verdifull til å skusle vekk.

Og eg trur: Då akantusrankane og påfuglen var ferdig, når homo sapiens etter ein kort kvil fekk slippe til att, så fekk nok bjøllesauen klauvane ordna. Det harmoniske menneske ordnar slikt medan ungane glor på sin påfugl, sprudlar over av homo faber og vil sjå korleis ein slik liten fugl ser ut inni.

Men visste Huizinga noko om bjøllesauar? Måtte han ro Solbergfjorden?

One thought on “Far min i Huizingastraat”

  1. earlier today read your analysis of dylans “magic” formula from his chronicles. I’ve had a couple of drinks since. i am a retired c programmer/project manager. i spent my working life writing code and managing stuff so there was little down time (apart from the wind downs and the project drinks and the failed relationships and the children on drugs and the drain on money and hope) to use on other things. Anyway, nice work. I started playing guitar and of course, i love theory. Patterns and structure is sooo pretty. Thanks and great writing.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *