Mykle-reaksjoner i Firda Folkeblad anno 1957

Jeg falt over følgende leserbrev fra Firda Folkeblad 4. juli 1957. Det er for interessant til å forbigås i stillhet, av følgende grunner:

1. Språket! Når leste du sist om “grisvorne smørje-bøker” og “griseskrive”? Eller om å få “kvakla bort” noe? Hvis du trodde uttrykk som “grise-prat-bøker” var noe Harald Heide Steen Jr. hadde funnet på, er det på tide å tenke om.

2. Språket forklart! Det er en meget merkelig følelse å lese et formfullendt nynorsk, av den typen jeg vokste opp med som noe normalt og selvfølgelig, og så få alle spesielle ord og uttrykk oversatt fra den ene målform til den andre: “grisvorne (utuktige)”, “tiltale (sak)”, “definisjon (utleggjing)”. Det er på den ene side noe sjarmerende ved det, men også en slags bekreftelse av den mistanke jeg alltid hadde, som bokmålstalende i nynorskland: at de egentlig bare leker at det er et språk de skriver. (Men “grisvoren” er mer slagkraftig enn “utuktig”, så 1-0 til nynorsk på det ene punktet.)

3. Tegnsetting! Sjelden har jeg sett så mange (og feilaktig brukte) «…» eller tankestrek presset sammen i en så kort tekst.

4. Argumentasjonen! Ikke minst den alltid forklaringsvillige innstilling, f.eks. beskrivelsen av alle de annonsører som har “hjelpt til med salet av utukta (bøkene)”. Nåh, bøkene! Så ikke selve utukten, altså?

5. Argumentasjonen, tross alt. For det er jo riktig – og en sunn påminnelse om at moralforståelse vanskelig lar seg legitimere objektivt – at uansett hva frem- eller fortidens mennesker har akseptert som moralsk passabelt, er det vi, her og nå, som må dømme om hva vi, her og nå, finner akseptabelt. Det var faktisk en livsbekreftende opplevelse å se den moralske relativisme fremstilt så tydelig og uangripelig av en «snerpute» selvutnevnt representant for «alle moralsk normale menneske». Olav Vatne: du vet det nok ikke, og du ville absolutt ikke sette pris på det, men du er noe av en moral-relativismens helt!

Nok snakk: Til saken: Olav Vatne har ordet i Firda Folkeblad. Renskriften er nøyaktig ned til minste detalj, som bruken av fetstil og den ene inkonsekvens i bruken av mellomrom ved forkortelser:

Leserbrev fra Firda Folkeblad, juli 1957
Olav Vatnes leserbrev fra Firda Folkeblad, juli 1957

Mykle-bøkene og straffelova.

Det skal nok helst nokså mykje til før det vert reagert offentleg på utuktige publikasjonar.

Det er ikkje mange som vågar å syna seg «snerpute» såleis — i vissa då offentleg.

Denne Agnar Mykle har vel også mykje derfor fått boltra seg altfor lenge med desse grisvorne (utuktige) smørje-bøkene sine — før det nå endeleg vart gripi inn — mot han og forlaget (og venteleg og mot alle andre som har vori med på salet av «produkta» eller på onnor vis hjelpt til).

Først kom smørja «Lasso rundt fru Luna» — i 1954, og så denne «Rubinen» (som «Rosina i pølsa») i fjor haust.

Storparten av dei såkalla «forstå-seg-påarane» av «literatur» og pressa elles har med alle segl gått inn for griseskriva til Mykle.

Det er elles ikkje berre Mykle og Gyldendal forlag som har aust inn forteneste i dette høvet, men også alle blad o. dl. som gjennom lysingar og på onnor vis har hjelpt til med salet av utukta (bøkene).

Etter at Riksadvokaten gav påbod om tiltale (sak) mot Mykle og Gyldendal forlag på grunnlag av utuktig publikasjon, har det etter kvart vist seg at det finst fleire «myklingar» innan «literaturen» — og elles.

Riksadvokaten vart først sett under «press» — for å få han til å la saka falla.

Seinare er det komi til både juristar og «literatar», som mest alle, kvar på si vis, har prøvd — medvete eller umedvete — å kvakla bort opplegget (grunna på utuktig publikasjon) for Riksadvokaten, ved m. a. å få han til å leggja hovudvekta på «levande modellar» (det Mykle blånektar for at han har nytta).

Sjølvaste Norsk Rikskringkasting tok seg elles føre her ein kveld (den 25. juni) ved ein Trygve Juul Møller — å gå inn for myklingar, til å kunna skriva som dei lystar. Jau, jau . . . . . . .

Det er og dei som seier at det ikkje er så ende framt å avgjera om «litterære» publikasjonar er utuktige eller ikkje. Og så dreg dei fram døme frå publikasjonar (bøker o. dl.) frå før i tida (som t.d. Hans Jeger’s o. dl.) og korleis dei vart dømde og fordømde då (mot nå) — i relasjon til Mykle-smørja i dag, — utan at det her sjølvsagt på noko vis kan gjerast objektiv samanlikning.

Sjølv om det kunne tenkjast at «folk» om hundrad eller tusen år her etter vil døma skildringane i Mykle-bøkene (o. a. slike) som venaste barne- og skule-lester (og elles som høveleg til opplesing i N.R.K. i timane for heim og skule), må dei vel dømast såleis som moralsk normale reagerar på dei i dag.

Det seiest at Straffelova ikkje fortel (set fast) kor stor utukta i publikasjonane skal vera — før det skal straffast. Og det er så.

Men Mykle (og dei som er med han) har i alle høve gått så langt over folke-vet-grensa for utukt, at korkje Norsk Rikskringkasting (t. d. under posten «Familiekvelden» el. dl.) eller eit einaste blad el. dl. — i alle høve endå har våga å gje att utukta frå dei nemnde grise-prat-bøkene til Mykle. Og då må ein vel kunne gå ut frå at det er nokså uturvande med
nokon særleg definisjon (utleggjing) av omgrepet «utuktig publikasjon».

Agnar Mykle (som opphavsmann og skribent), Gyldendal forlag (som forleggjar og første distributør) og alle blad o. dl. som gjennom lysingar og/eller på onnor vis har «falholdt» (lovorda og falbodi) bøkene «Lasso rundt fru Luna» og «Sangen om den røde rubin» bør difor nå alle verta dregne til ansvar (og straffa) etter straffelovs-paragrafen 221 b — alt etter som dei har vori med på denne utukta.

Dette er eit krav frå alle moralsk normale menneske.

Olav Vatne.


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


*