Rogna

Svein Roald

 

Eg kjem ikkje til å vera med på syskjenborna sitt treff. Eg hadde jo gleda meg til det, og ikkje minst hadde eg førebudd meg til ei lita soge om rogna. Ja no undrar du deg kan hende at eit slikt tema skulle vera så nausynleg ved eit slikt høve.

Det har seg nemleg slik at min bestefar og alle syskjenborna sin oldefar reiste ut frå Dalane, men fyst planta han i rogn, som på dalanedialekta heiter "raun", som tuntre på Østremgarden. Dette treet vart tuntreet på Østremgarden i to generasjonar, men for 15 år sidan, laut Jostein, som i dag eig og driv garden, la treet falle til jorda. Dat var gamalt og trøyt av dagar.

På min 60-årsdag kom Jostein med to "raun" frå Dalane. Han sikra seg om at ei av desse ville slå rot i Nord-Noreg. Dei to plantane er satt ned. Ei hos meg og ei på Bråten og begge stortrivast og er i dag henimot ein meter over bakkemål.

Eg sende då ei rogn frå Sandvika nedovert, men denne døydde bort frå oss etter ei overvintring. Vi prøvde på nytt med ein liten spire, og denne slo rot og og er i dag like høg som Rauna vi fekk. Eg snakka med Jostein i dag, og han var svært nøgd med at den siste prøva lyktes og at tuntreet på Østremgården var sikra på nytt for mange år fram i tid.

Eit tuntre for eit gardsbruk har mykje å seia, men alle mest om at dei som har garden veit om tuntreets soge, og det hadde han sørga for at etterkomarane skulle få viten om.

Dette ville eg fortelja til syskjenborntreffet, og kan henda at alle syskjenborna som har høve til det plantar ei rogn eller ei raun i hagen sin, som eit symbol på at livet kjem ein plass i frå og at livet også tar ein ende. Rogna er den mest hardføre busk vi har i Noreg, i Vardø mista di si her om dagen. noko som nesten vart til ei landesorg.

Østremfolket kan gjerne fortsettje med å ha rogna eller rauna som sitt familiesymbol, og skulle syskjenborntreffet ha opprette noko så fint som ein kulturpris, så må nesten Jostein vera den fyste kandidaten til å motta denne. Det var jo hannes idè.

Ha ei fin helg samen og gløym ikkje dei menneskja som har gått forran dykk og skapt kulturhistorie. Skulle nokon ha lyst til å ha ei rogn frå Sandvika eller ei rogn frå Bråten eller ei raun frå Dalane, så kan vi nok hjelpe til med dette.